Korona-info fra NAV

Koronavirus og NAV Informasjonsskriv nummer 2 arbeidsgjevarar Askøy & Øygarden NAV region Vest har eige innsatsteam for arbeidsgjevarar på Askøy og Øygarden

Det er uverkelege tider no.

Å vere arbeidsgjevar er for mange ekstra krevjande, anten ein må kutte eller redusere drifta, eller om ein treng å rekruttere.

NAV region Vest har sett saman eit team som kan gje litt ekstra service i denne spesielle tida. Dei har heimekontor som du ser på bileta, du når dei på telefon eller mail – eller på ein skjerm.

Målet med innsatsteamet er todelt:

Hjelpe arbeidsgjevarar med å få på plass det praktiske rundt permitteringar

Rekruttere personell til bransjar som treng fleire folk

Teamet når du på telefonnummer 412 84 902 og på mail: Anne.Kristin.Overa@nav.no
Når dei ikkje tek denne telefonen, kan du òg ringe 55 55 33 36 – og sjekke nav.no NAV.no vert oppdatert dagleg. Me vonar alle arbeidsgjevarar finn det nyttig å bruke samlesida Koronavirus – informasjon frå NAV.

Me minner òg om at bedrifter med behov for arbeidskraft kan søke og finne kandidatar på Arbeidsplassen.no.

Kva er nytt for deg som er arbeidsgjevar no? Varsling om permittering:

Frå 25. mars 2020 skal arbeidsgjevarar som vurderer å permittere, seie opp fleire tilsette eller innskrenke arbeidstida til tilsette, sende varsel til NAV digitalt.

https://www.nav.no/soknader/nb/bedrift/permitteringer-oppsigelser-og-konkurs/masseoppsigelser

Sjukefråvær knytt til koronaviruset

Arbeidsgjevarperioden for sjukemeldingar er redusert til tre dagar ved sjukefråvær som er relatert til koronaviruset. Dette gjeld frå 16. mars.

Arbeidsgjevarar må fortsette å betale sjukepengar heile arbeidsgjevarperioden inntil ny beskjed kjem.

NAV jobbar no med å lage ei ny refusjonsordning slik at me får setje i stand det Stortinget har bestemt. Difor må arbeidsgjevarar fortsetje å betale sjukepenger heile arbeidsgjevarperioden inntil ny beskjed kjem. Me ber dykk sende inntektsmelding som i dag, med arbeidsgjevarperiode på 16 dager. NAV vil seinare refundere frå fjerde dag.

Fristen for refusjonskrav er forlenga frå tre til ni månader som ei midlertidig ordning i forbindelse med pandemien.

Med venleg helsing

Innsatsteam Marked// NAV region Vest

NAV Øygarden/NAV Askøy

Tlf nummer 412 84 902 mellom kl 10 – 14.30

Tlf 55 55 33 36

Anne.Kristin.Overa@nav.no www.nav.no  

Del innlegg
Share on Facebook
Facebook
Share on LinkedIn
Linkedin